FORENINGSPORTAL Foreninger i Hå

Varhaug sokn

I regi av Varhaug sokn skjer det mykje spennande arbeid frå baby- og småbarnssang, speiderarbeid, familiemiddagar, konfirmantarbeid, dansegruppe, samtalegruppe, kor, gudstenestar, strikkekafe og mykje anna. Sjekk ut heimesida vår for meir informasjon om arbeidet som skjer.

Gjennom arbeidet som skjer i regi av Varhaug sokn skal me bidra til å gje menneska me møter ein himmel over livet.  

Himmelen er like nær som den er fjern.  Den er alltid der og vil alltid væra der, uansett kven me er og kor me er – ung som gammal.  

Den er der når du står opp, og når du legg deg.  Når livet byrjar og når livet ender. Me kan alltid sjå den, uansett kor i verda me er.  Den omslutter heile verda og alt som lever. Himmelen er der i fred som i krig – for den rike og den fattige – for den som synes livet er lett og for den som strever med sitt eige liv – for den som har mange rundt seg og for den som er åleine.  

Himmelen kan liknast med Gud.  Liva våre er omslutta av ein Gud som er større enn oss sjølv, som er heilt nært, men likevel uendeleg og uforståeleg stor.  Han rommer alt – frå den største glede til den største sorg.  Me vender oss opp mot Gud, mot han som er større enn oss.  Me vender oss mot Gud som er heilt nær oss, ja i oss.  Og i trua på den Gud, Jesus og Den heilage Ande har me eit mål – ein ny himmel og ei ny jord – trua på oppstandelsen og eit nytt liv kor alle som trur skal få væra saman med Gud for alltid.

Fritidsaktiviteter

Møteplass
Speider
Tro og livssyn
Kor
Friluftsliv

Kontaktinformasjon

 / 51 43 62 10

post.ha@kyrkja.no

www.varhaugkyrkje.no

www.facebook.com/Varhaugkyrkje

Besøksadresse
Ånestadvegen 12 Kyrkjevegen 220

Postadresse
Ånestadvegen 12
4360 Varhaug

Andre opplysninger

Org.nummer
976993527

Vipps-nummer
116343

Kategori
Andre

Område
Varhaug

Sist oppdatert
02.02.2026

Rediger med kode

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal