FORENINGSPORTAL Foreninger i Hå

Hå Dur & Moll

Blandakoret Hå Dur og Moll er eit frilynt kor med medlemmer frå fleire kommunar: Bjerkreim, Sandnes, Klepp , Time og Hå. Repertoaret er mangesidig som til dømes songar frå musikaler, stubber og viser, popsongar, folketoner, julesongar med meir. Vi har ein populær sommarkonsert kvart år på Obrestad i tillegg til julekonsert og diverse andre mindre framsyningar. I tillegg har vi ei intens øvingshelg på vårt årlege korseminar og år om anna deltar vi på korfestival, i Norge eller utalands. Men det viktigaste: vi er ein gjeng blide songarar som liker å synge, særleg under vår eminente dirigent Ragnhild Elisabeth Hoel som tar oss til nye høgder stadig vekk.

Hå Dur og Moll er medlem av Rogaland Korforbund. Vi er 20-25 medlemmer og tar alltid imot fleire. Årleg kontingent er kr 2 000, men nybegynnarar kan prøve seg ei god stund før kontingent blir aktuelt. Øving på Bø skule på Nærbø kvar måndag kl 19 - 21.30, inkl kaffepause. Ein prat med leiar (952 35 500) eller dirigent (924 43 772) i forkant kan vere lurt om ein vil prøve seg. Hjarteleg velkomen.

Kontaktinformasjon

953 34 500 / 952 34 500

aasabraut@hotmail.com

Aasa Braut

Besøksadresse
Bø skule, Nærbø Mandagar kl 19.00

Postadresse
4360 Varhaug

Andre opplysninger

Org.nummer
971343117

Stiftet dato
25.05.1987

Ant. medlemmer
23

Kategori
Kultur

Område
Nærbø

Stikkord
Songglede, humør, allsidig, frilynt

Sist oppdatert
12.05.2026

Rediger med kode

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal