
Foreningen Vigrestad Misjonshus
Misjonshus lokalisert på Vigrestad. Driftet av 4 organisasjoner ( NLM, NMS, Norkirken, IMF)
Om Vigrestad Misjonshus Då Vigrestad Meieri vart slege saman med Nærbø Meieri, kom spørsmålet om kva VM sitt bygg kunne nyttast til. Den 27. mars 1972 vart det halde eit møte på Vigrestad Forsamlingshus der planar om å kjøpa meieriet vart drøfta. Tre personar vart valde til å finna nærare ut om dette bygget eventuelt ville kunna byggjast om til misjonshus. Dei tre var Martin Flåten, Sigbjørn Aarsland og Ola A. Siqveland. Etter ein del sonderingar gjekk eit samla meieristyre inn for at dei 5 organisasjonane Det Vestlandske Indremisjonsforbund, Den Norske Santalmisjonen, Det Norske Lutherske Indremisjonsselskapet, Norsk Luthersk Misjonssamband og Det Norske Misjonsselskap skulle få kjøpa. Det vart teke kontakt med arkitekt, og dei fyrste skissene for ombygginga er daterte 15. januar 1973. Bygget vart overteke av dei nemnde organisasjonane 27. februar 1973. 8. mars 1973 vart eit førebels styre i byggeperioden valt, 8 menn og 2 kvinner. Det vart og sett ned grupper for dei ulike arbeidsområda, så som tre, betong m.v. Ein stor dugnadsinnsats og enorm gjevarglede gjorde at bygget kunne takast i bruk 23. november 1974, og det vart innvigd i august 1975. I dag står Vigrestad Misjonshus fram som eit svært tenleg bygg for bygda langt utover eigarorganisasjonane. Det har rom for mange aktivitetar, og har heile tida vorte oppgradert, m.a. når det gjeld teknikk av ymse slag. Huset vert halde godt i stand takka vere ein solid dugnadsinnsats. |